Opplæringsloven

Opplæringslova

Videregående opplæring i bedrift - kapittel 4

(Gjeldende fra 01.08.08)

§ 4-1. Kven som er lærling og lærekandidat

      

Lærling er etter denne lova den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 3-4. Lærekandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve.

§ 4-2. Særlege rettar og plikter for lærlingen og lærekandidaten

Lærlingen og lærekandidaten har rett til opplæring i samsvar med lærekontrakten og opplæringskontrakten.

Lærlingen og lærekandidaten er arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og er plasserte i, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar. Der lærlingar og lærekandidatar har teikna både arbeidsavtale og lærekontrakt eller opplæringskontrakt med same part, kan arbeidsavtalen likevel ikkje hevast utan at lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast etter § 4-5 tredje leddet og § 4-6 siste leddet.

Når læretida etter kontrakten er over, eller når kontrakten blir heva etter § 4-6, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærlingen eller lærekandidaten skal halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast.

Lærlingar og lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole. Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter kapittel 5. For slik opplæring gjeld § 5-1, bortsett frå andre leddet siste setning, §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

§ 4-3. Godkjenning av lærebedrift

Bedrifter som tek på seg opplæring av ein eller fleire lærlingar eller lærekandidatar, må vere godkjende av fylkeskommunen. Som lærebedrift kan godkjennast private og offentlege verksemder og organ for samarbeid mellom bedrifter som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar (opplæringskontor eller opplæringsring). Lærebedrifta må vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen kan godkjenne bedrifta. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda før endeleg vedtak blir gjort.

For at eit opplæringskontor eller ein opplæringsring skal bli godkjend, må dei enkelte bedriftene som inngår i kontoret eller ringen, vere godkjende av fylkeskommunen. Der samansetjinga av opplæringskontoret eller opplæringsringen endrar seg, skal kontoret eller ringen melde frå til fylkeskommunen, som skal vurdere godkjenninga på ny.

Ei lærebedrift må kunne gi ei opplæring som tilfredsstiller krava i forskrifter etter § 3-4 om innhaldet i opplæringa. Der lærebedrifta er eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, skal dei samarbeidande bedriftene dokumentere at dei samla tilfredsstiller krava i forskriftene etter § 3-4 om innhaldet i opplæringa. Opplæringskontoret må ha føresegner som fastset tilhøvet mellom kontoret og medlemsbedriftene. Opplæringsringen må ha føresegner som fastset tilhøvet mellom dei samarbeidande bedriftene. Føresegnene skal fastsetje kva den enkelte bedrifta skal gi av opplæring, og delinga av tilskotet mellom bedriftene. Ei lærebedrift skal ha ein eller fleire fagleg kvalifiserte personar (fagleg leiar) som har ansvaret for opplæringa, og skal sjå til at opplæringslova med forskrifter blir oppfylt. Kvar enkelt bedrift skal ha ein eller fleire instruktørar som står føre opplæringa av lærlingane og lærekandidatane. Departementet kan gi nærmare forskrifter om vilkår for godkjenning av lærebedrifter og tap av godkjenning.

§ 4-4. Rettane og pliktene til lærebedrifta m.m.

Lærebedrifta pliktar å leggje til rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingen og lærekandidaten kan nå måla i den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf. § 5-5 første leddet. Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa, for å sikre at lærlingen eller lærekandidaten får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen. Ifall delar av opplæringa skal givast av andre enn lærebedrifta, skal lærebedrifta leggje til rette for dette.

Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. Arbeids- og opplæringstida til lærlingen og lærekandidaten skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.

Lærebedrifta melder lærlingen til den fagprøva eller sveineprøva som blir halden nærmast den tida da læretida er ute. Lærekandidaten skal ved slutten av kontrakttida få høve til å gå opp til ei kompetanseprøve som viser det nivået opplæringa har ført fram til. Lærebedrifta stiller nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet. Dersom fagprøva, sveineprøva eller kompetanseprøva blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene, får skolen eigedomsretten til produktet av prøva.      

Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen eller lærekandidaten tilfredsstillande opplæring, skal ho melde frå til fylkeskommunen. Lærebedrifter får tilskot til opplæringa frå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet.

§ 4-5. Lærekontrakt og opplæringskontrakt

Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt mellom lærebedrifta og lærlingen når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg opplæringskontrakt mellom lærebedrifta og lærekandidaten når læreforholdet tek til. Det skal gå fram av kontrakten kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa etter den fastsette læreplanen.

For å bli gyldig må kontrakten godkjennast av fylkeskommunen, og han får da verknad frå den tida arbeidsforholdet tek til. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som lærlingen eller lærekandidaten har. Departementet kan gi nærmare forskrifter om innhaldet i og forma på kontrakten. Lærlingar som har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt med full opplæring i bedrift, jf. § 3-3 sjette leddet, skal ha ei prøvetid på seks månader. I prøvetida kan både lærebedrifta og lærlingen seie opp læreforholdet utan omsyn til § 4-6. Reglane i arbeidsmiljøloven §§ 15-3 og 15-6 gjeld også når lærlingen ikkje er skriftleg tilsett på ei bestemt prøvetid. Det er ikkje nødvendig med samtykke frå verje når det blir skrive kontrakt.

§ 4-6. Endring og heving av lærekontrakt og opplæringskontrakt

Etter samtykke frå fylkeskommunen kan opplæringskontrakten mellom lærekandidaten og lærebedrifta endrast i løpet av kontrakttida til ordinær lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan lærekontrakten mellom lærlingen og lærebedrifta i løpet av kontrakttida endrast til opplæringskontrakt med kompetanseprøve som mål. Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunen skriftleg om det. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen eller lærekandidaten dersom